mandag 13. oktober 2008

Nøstebarndress


Eg har strikka en nøstebarndress i New Zealandsk lammeull fra 123knit.com. Mangla bare knappa, men det var visst ikkje so lett å få tak i mørkeblå knappa i riktig størrelse her.. :/

Lurer på om eg har gjort en liten feil, for armane ser litt korte ut i forhold til resten. Eg får teste den ut og heller juksestrikke dei litt lenger om dei blir for korte. :)

Lua er også fra nøstebarnboka. Syns den såg litt lita ut i forhold til resten den og, men eg får prøve når småen er ute. Kjeme han ikkje no snart kjeme han til å passe rett i den dressen der etter fødselen! :p

tirsdag 30. september 2008

Eg har sydd tøybleier heilt sjølv!

Då har eg funnet fram symaskina og sydd et par formsydde bleier!Eg er ingen syerske, og etter litt startvanska med ei dustete symaskin der undertråden heile tida skulle henge seg opp er eg godt fornøgd med resultatet.

Utsida og innlegga er i bambushandkle fra princess og inni er det flanell.


Innsida før eg vrengte den..



Ferdig vrengt.


To stk ferdige bleier!


Testing, testing.
Litt skremmande at den eg har berekna i str nyfødt passa på den supertynne og lille bamsen der, men får satse på at småen kan bruke den i en liten mnd om ikkje anna.

søndag 28. september 2008

Hentesettet ferdig!


Eg har strikka hentesett i deilig alpakkagarn til småen! Det høre med sokka og, men dei kom visst ikkje med på bildet.
Jakka var et lite herk å bli ferdig med, sjølv om det eigentleg gjekk ganske radig. Eg er bare so utrulig utolmodig! :p

No gleda eg meg stort til å kle det på småen. Skal bli ein varm og god høstbaby her i huset. :)

Høstens første tovaplagg

Høsten er her! Og då er det på tide å lage tøfler til julegaver og til gjesta som skal gå på det kalde golvet vårt. :)
Eg strikka to par i fjor vinter, men mente å huske at det var kjedelig. Særlig utfordrande eller spennande var det jo ikkje, men det gikk fort! Eg får eit par ferdig strikka tøfler på ein litt lang kveld. ;)
Her er mamma sine(bursdagsgave) til venstre og mine til høgre. Har også laga til svigermor som takk for hjelp etter tapetseringa av barnerommet, men dei er innpakka.

Då eg var i Bergen for eit par veker sida kjøpte eg 3-tråds nøstebarngarn og strikka dissa vottane til meg sjølv etter oppskrift i Nøstebarnboka. :) Artige farga!

Eit til par i oppskrift fra Nøstebarn. Strikka dei med garn fra 123.knit.com; Luna Wool.
Dei var tenkt som julegave, men den til høgre fekk ein liten skavank på brotet sida eg hadde strikka den mykje kortare enn den andre. Juksa det til med å plukke opp masker og strikke et par ekstra cm.

torsdag 25. september 2008

Første test!

No har eg laga meg blogg sånn at eg har ein plass å legge ut strikketing og diverse oppdateringa etterkvart. :)

Testing, testing :)