torsdag 28. januar 2010

Husmor

I dag har eg vore husmor.

Eg har baka 6 brød.

Eg har laga paideig for fyrste gong. Den blei nok ein god del tørrare enn den skulle sjølv om eg ikkje brukte alt mjølet. Fekk ikkje til å kjevle den....

...og dermed vart det pai uten pailokk.


Eg har lagt opp dei nye gardinene våre...


..og eg klarte å knekke nåla på symaskina. Heldigvis fulgte det med ekstra nåler då eg fekk den slik at det berre var å skifte.




Theodor hadde ei bukse som var skikkelig slapp i livet...

Den sydde eg i eit strikk på innsida av.

I tillegg har eg sydd enda ei korg. :)

mandag 25. januar 2010

Brødbaking

I dag har eg hatt fri og vert heime og rydda på kjøkkenet. Samtidig har eg baka brød, noko som er fryktelig lite tidkrevande når ein likevel er heime. Den største jobben er å vaske bakebollen etterpå...
I periodar bakar eg mykje brød, rett og slett fordi det er så enkelt, godt og billig! :) I andre periodar tenker eg at det er for mykje styr og lar vere. So kjem eg på at det var lurt igjen og fyller opp fryseren. Til jul fekk vi kjøkkenmaskin, og då kan eg også få elta deigen litt lenger enn eg orkar for hand. Det bør gje gode resultat!


Oppi desse brøda hadde eg blant anna grovt og fint rugmel, linfrø, solsikkekjerner og kruskakli. Eg fulgte ei oppskrift, men slumpa til der eg ikkje hadde akkurat det som stod i oppskrifta.



Deigen skal vere skikkelig klissete, då blir brøda saftige og gode. Og då skal dei heller ikkje smuldre so mykje har eg hørt. Eg er ikkje heilt sikker på om denne deigen var klissete nok.


Etter eit par tima heving(i bollen to gongar og deretter i formene) og ein time steiking var dei tre brøda ferdige:


Eg elskar nysteikte brød! Og ingenting er betre enn nysteikt brød med brunost og eit glas iskald melk!

Nam nam nam nam nam nam nam nam nam nam nam! :) Lykke!

mandag 18. januar 2010

Kathrine er venn med symaskina

Etter litt startvanskar og dårlig kommunikasjon har eg og symaskina mi utvikla eit greit vennskap. Ho lystrar stort sett som ho skal, og eg har skjønt dei ulike kommandoane. Det vil seie at eg slepp å kvar gong måtte finne fram manualen og gruble og fundere når undertråden henger seg opp. Rett og slett fordi den stort sett ikkje heng seg opp lenger. :) Og då vert det enda artigare å sy!

No har eg sydd meg mitt eige strikkepinneetui og kassert det gamle som var slappt og fælt. Mykje meir fornøgd med dette!! So denne gongen skal eg faktisk putte pinnane inn igjen når eg har brukt dei. Tenker eg.
Eg har lurt litt på om eg skal lage etui med størrelsane på pinnane markert på kvar lomme, men har ikkje heilt funnet ein fin og ikkje alt for omfattande måte å gjere det på. På det gamle etuiet mitt som var stygt likevel skreiv eg det bare på med sprittusj. Ikkje akkurat lekkert.
Her er etuiet samanrulla med band rundt. Og sida stoffet var stivt og fint laga eg ei brødkorg i samme stoff:

Denne korga blei den beste av dei eg har laga, fordi stoffet var tjukkare og stivare enn dei andre stoffa eg har brukt. Dei andre har blitt litt slappe.

Fleire korger:

Dette stoffet frå Ikea var også veldig fint å sy korger i.


.............og ei nålepute :)

fredag 15. januar 2010

Bakemesteren


Ein skal tidleg krøkast som god bakar skal bli.:)

Her har eg testa ut å blogge frå mobilen min. Det var easy-peasy! Theodor har blitt stor bakegutt; her bakar han vaniljerundstykker til pappaen sin bursdag. Det var stas!!!

fredag 8. januar 2010

Monsterbukse og musetøfler

Theodor har fått seg bukse med monster på rumpa. Eg strikka den ferdig rett før jul og broderte på augene og tenna i romjula. Broderinga var ein kjedelig jobb! Først og fremst fordi eg ikkje heilt har teket på maskesting. Og fordi det tok tid. Eg brukte sikkert ein heil julefilm på det!;)
Men eg vart no sånn ca fornøgd med resultatet. Den er strikka i Østlandsgarn og har snøring øverst og ribbestrikk nederst.



Her er den i bruk for første gong imens Theodor leika med Kenya. Gode venna! :)


MUSETØFLER

Eg strikka desse musetøflene for sikkert 3 år sidan, men har
ikkje hatt ein fot som har vert verken stor nok eller liten nok til å få brukt dei. Men no er dei endelig passelige til Theodor. Eg har leita lenge etter god anti-skli til å ha under og fant til slutt ei slik tube på Panduro. --------->
Med den kunne eg teikne på sjølv og lage so mykje eg ville. Genial og finnast i fleire fargar.
Vi har det ganske golvkaldt i huset, men no skal i alle fall Theodor vere varm på beina framover, for desse er skikkelig tjukke! :)

torsdag 7. januar 2010

Nyttårsforsett: meir blogging

Det har gått over eit år sidan eg sist skreiv noko her, og etter inspirasjon fra flinkis-Anne -kreative- Britt sin blogg har eg bestemt meg for å skjerpe meg i det kommande året.

No på nyåret er det vel tid for å legge ut eit par bilder av årets julegaver. Eg hadde eit lite sykick ei stund før jul og det var faktisk veldig artig. So det skal eg fortsette med når eg føler eg får tid ein dag. Det starta med at eg fekk lyst til å sy sånne "Stelton"-korger. Det gjekk fint, og so fekk eg lyst å prøve meg på strikkepinneetui.

Strikkepinneetuiet til Irene:

Eg har sydd eit strikkepinneetui til meg sjølv tidlegare, men det vart både slappt, stort og stygt. Eg er mykje meir fornøgd med dette designet her! Brukte stivare stoff og gjorde det litt meir "avansert" enn det forrige eg laga. Toppen brettast ned over pinnane, og so rullast det saman.

Kristine Sofie sitt:
Eg elska det ku-stoffet! Kjøpte det på ein butikk i ei gudsforlatt bygd i Sverige ein gong eg var på jobb. Skulle ønske eg hadde kjøpt meir enn ein halv meter..

Slik ser dei ut når dei er rulla saman. I tillegg sydde eg fast eit svart silkeband på Irene sitt og eit kvitt eit på Kristine Sofie sitt. Eg har visst ikkje tatt bilder med banda på. Dei vart festa på høgre sida og kan surrast rundt etuiet og knytast.



Litt strikking vart det soklart også før jul, men uten bildedokumentasjon. Eg strikka tøfler og panneband og selbuvottar til Frode:

Eg har strikka ein del selbuvottar tidlegare, med tynt garn. Syns at dei då ikkje har blitt varme nok, so eg ville prøve med litt tjukkare. Desse er strikka med Peer Gynt-garn og er skikkelig gode! Men med det garnet blei dei ikkje fullt so fint strikka som dei eg har laga før. Mulig det er eg som har mista teknikken, men eg velger å skylde på garnet. ;)