lørdag 20. mars 2010

Uglebuff og bukse

Eg har fått stoffpakke frå Stoff og Stil, so i går sydde eg "buff" og fleecebukse til Theodor.
Eg har aldri sydd kle før, men med mønster var det jo ikkje so vanskelig! :) Buffen hadde eg ikkje mønster på, men å sy saman eit stykke stoff er jo ikkje noko sak. Oppskrift på buksa fant eg i et sy-magasin og tilpassa den til sånn eg ville ha den. Å følge hobbyoppskrifter slavisk er ikkje heilt min stil. ;o)

Buksa er sydd i fleece med et stretch-stoff i beina og livet. I og med at eg ikkje har gjort det før vart det eit par småfeil som eigentleg ikkje er synlige. "Strikken" på beina har stretch feil vei og at det er noko som heiter "stoffretning" når ein skal sy tok eg over hodet ikkje hensyn til. Eg gjekk for "best-utnyttelse-av-stoffet" istaden eg. Men eg tek det til etterretning for seinare produkt. ;) Det slo meg etterpå at eg antakeleg burde hatt ein tråd med stretch når eg skal sy ting med stretch. Det "knaka" nemleg litt i tråden på bukselivet då eg drog i det. Eg får gå til innkjøp av slik tråd neste gong eg handlar.
Som pynt applikerte eg på ei lita ugle frå buff-stoffet.

Sånn ser buffen ut. Kule ugler! :)

Ein fin liten tass med ny bukse og hals. :o)

onsdag 3. mars 2010

Forkle til liten kokk

Syboka mi har komt og dermed har Theodor fått seg forkle. Ikkje det at eg måtte ha ei sybok for å få det til, men det var veldig greit å sleppe å tegne opp mønsteret sjølv. ;) Og so lærte eg ein lur måte å lage band/snorer på.
Om nokon lurer på bandasjen, so
hadde han eit lite uhell der handflata havna på glasdøra på peisen i helga. :( Auau! Men det går fint no, han er ein tøffing. :)














I tillegg har eg i det siste sydd:

Eit hjerte til ei god venninne. :)


Og eit til strikkepinneetui. Denne gongen med tynt Tilda-stoff og strykevatt inni. Held på å sy eit i samme stoff til rundpinnar. Har eit par pinneetui på bestilling, men ventar på ein pakke stoff frå Stoff og Stil før dei vert ferdige. ;o)

Lille Anna


Då Ruth-Bente si lille Anna skulle komme til verda var det på tide med litt meir babystrikk og litt scrapping. GRATULERER til Tutten og Trond!

Desse tøflene syns eg er heilt fantastisk søte! Eg strikka dei også til Theodor då han var nyfødt, men den eine klarte å havne i ein 60-vask og blei på størrelse med ein fingerbøl... :p


Og eit anna av favoritt-baby-strikke-plagga mine er djevellue i alpakkagarn frå boka Myk Start. den har heilt super passform og Theodor har vel hatt 4-5 stk i løpet av babytida.

Eg stjal inspirasjon frå eit kort Anne Britt laga til Theodor og laga eit sikksakk-brette-kort av det minimale eg hadde av scrappepapir. (Note to self: kjøp meir!!!)


Sånn blei det sjåandes ut inni. :)

Og heldige meg fekk møte Anna før ho var eit døgn gammal! Ho var herlig, lita, varm og god! Og djevellua gjorde ho varm på hovudet på barselhotellet.