onsdag 7. juli 2010

Kveldens pusleri - ei lita mappe


Eg kom over denne sida og berre MÅTTE prøve sjølv om eg eigentleg hadde bestemt meg for å ikkje sy meir før vi flyttar. Tida bør brukast til meir fornuftige ting som pakking og nedvask, men når mannen ser på fotball bør vel eg og få kose meg litt? :)


Denne sminkemappa var eigentleg ganske so lett å sy, og det gjekk fortare enn forventa. Eg hadde dessverre berre ein glidelås igjen, og den var kort. Då vart det ei lita mappe som eigentleg ikkje egnar seg til sminke. Ikkje ein gong eg får plass til sminka mi oppi den der! Den måler ca 13x6x4 cm og eg anar ikkje kva eg skal bruke den til. Men søt er den. Og so blir det so deilig kvalitet i stoffet når det er quilta med litt vatt inni. (Og eg som trudde quilting berre var for halvgamle damer som laga merkelege dukar og stygge puter i kombinasjon av rare fargar.)

Eg må handle glidelåsar slik at eg kan sy fleire slike mapper! :o)

Heklenål-etui

I dag har svigermor bursdag og i den anledning har eg sydd eit heklenål-etui og ei nålepute i matchande stoff. Etuiet er eigentleg heilt likt strikkepinneetuia, berre litt mindre og med smalare lommer.

Inni sydde eg eit blondeband over lommestoffet.

På baksida sydde eg saman lappar av ulike stoff og quilta det saman med eit lag strykevatt.

Gratulerer med dagen svigermor! :o)