lørdag 30. oktober 2010

Mariusgenser

I sommar strikka eg denne mariusgenser i alpakka fra Sandnes garn. Til meg sjølv. :o) Den er heilt fantastisk deilig. God og varm, men ikkje for varm - akkurat som alpakka"ulla" skal vere.

Fargane er grå-brun, kvit og mørk lilla. Eg strikka den med pinne nr 3,5 og 4 og det gjekk eigenteg ganske so raskt. Hadde den med meg litt rundomkring på jobb og fekk strikka litt her og der. Medan eg var på ei lenger jobbreise på sørlandet trudde eg at eg skulle få den ferdig, men plutseleg klarte eg å gå heilt tom for den gråbrune tråden! Ingenting er værre enn å vere so nær målet og ikkje ha sjangs til å fullføre. På den lokale garnbutikken hadde dei sjølvsagt ikkje riktig fargeparti, so eg var nødt å vente til eg kom heim til Langevåg for å få gjort den ferdig to veker etterpå. Og sjølvsagt var det min eigen feil. Eg hadde jo strikka bolen lenger utan å ha tenkt på at det kunne få konsekvensar for garnforbruket..

mandag 25. oktober 2010

Tjukkelesta med rullekant

Mamma hadde bursdag i september og fekk eit par kjempefine sokkar i gave. Dei hadde "rullekant" og eg måtte berre prøve å gjere det samme. Eg talte maskene og såg litt på korleis dei var laga, før eg so prøvde å huske det igjen eit par veker etterpå. Det gjekk nokonlunde greit. Eg har visst strikka i eit garn som var ein del tynnare, men størrelsen vart då heilt perfekt. :)





Dei er strikka i Sisu frå SandnesGarn og eg har lagt opp 60 masker. Sokk nr ein brukte eg 2-3 dagar på, sokk nr to brukte eg 2-3 veker på. Det er merkeleg korleis det alltid tar so mykje lenger tid med sokk nr to..


tirsdag 19. oktober 2010

Tova tøfler


Mamma bestilte tova tøfler frå meg allereie tidleg i vår. Etter å ha strikka éin vart prosjektet liggande i ei evighet. No er dei endeleg ferdige og mamma kan vere varm og god på beina i vinter. (Sjølv om eg har høyrt eit lite rykte om at ho ikkje fekk ha dei i fred..)

Tøflene er strikka i Finull frå Rauma. Dei er litt meir avanserte enn dei eg har lagt ut på bloggen tidlegare. Tar jo då også litt meir tid. Då eg strikka dei andre tøflene brukte eg dobbelt Østlandsgarn e.l.(tilsammen ca 6 trådar). Her brukar eg enkel Finull(2-tråds), so dei er ganske so store før dei tovast og krympar mykje. Det tar lenger tid å strikke når det er so tynt garn, men eg syns tovinga blir veldig fin når ein gjer det på denne måten.

I og med at eg strikka ein tøffel før sommaren og ein etter klarte eg sjølvsagt å gjere ein dustete feil. Som vanlig. Då eg strikka den fyrste tenkte eg at eg skulle vere lur(...som vanlig) og strikke hælen med dobbel tråd sånn at den vart ekstra slitesterk. Det trudde eg at eg hugsa då eg begynte på tøffel nr to og strikka so HEILE sålen med dobbel tråd... Å rekke opp den sålen der for å strikke den igjen var ikkje akkurat høgt på prioriteringslista mi. So då måtte eg heller jukse inn litt tråd på heile sålen til den fyrste tøffelen i tillegg. Det vart so som so, men mamma er varm på beina og det er det viktigaste. 

torsdag 7. oktober 2010

Mobiletui


Eg hadde besøk av Anne Britt ein dag og ho hadde kjøpt seg eit heimelaga mobiletui. Etter litt studering og spekulering fant vi ut korleis det var laga, gjorde ei lita justering og sydde dei sjølve. Her er noken få av dei eg har laga, fleire kjem etterkvart. Dei er fylt med litt vatt, nokre har knapp oppe, nokre kneppeknapp, nokre borrelås og nokre utan noko som helst.

tirsdag 5. oktober 2010

Strikkalue

Eg er vekke på jobb og har av fri fantasi strikka ei lue etter restegarnet fra Theodor sin genser. Trur den skal matche, og no når den er ferdig ser den egentlig passelig ut og. So får vi sjå om den ser lur ut på eller ikkje. Eg er ein smule skeptisk til det.
Published with Blogger-droid v1.6.2

lørdag 2. oktober 2010

Kattedesign

No er eg endeleg igang med syinga igjen etter nokre hektiske månader med flytting, oppussing, jobbing og hussalg. Skal sei det var kjekt å finne fram symaskina igjen og la spisestuebordet flyte over av stoff og vatt og diverse syutstyr i nokre dagar. :)

På ein tur gjennom Eidsgata i sommar kom eg over dette katte-stoffet. Mamma elskar kattar, so då måtte eg jo kjøpe det. På samme butikken kjøpte eg 5 m glidelås som eg kan klippe av i passe lange stykker alt etter som. Genialt! Denne mappa er ei større utgave av den oransje eg sydde for ei stund sida, oppskrifta finnast her.
Mappa er ca 28x8x7cm og har eit svart stoff på innsida. Artig å lage, so det blir definitivt fleire sånne i forskjellige størrelsar framover. Kan jo brukast både som pennal, sminkepung, toalettmappe, strikketøyoppbevaring osv.

Det vart også eit par brødkorger i "Stelton"-form. Ei stor(som mamma fekk før eg tok bilder) og ei lita.


Og til sist eit mobiletui. Dei kjem det fleire av etterkvart. Dette tenkte eg å sy ei kattehempe på, med borrelås, men det skar seg litt og eg erklærte den ferdig som den er her.