tirsdag 28. desember 2010

Selbuvottar


I vår eller kanskje i fjor hadde eg planar om å strikke selbuvottar etter eit oppskriftshefte svigerfar fant frå 1947. Etter litt forumsundersøking kom eg fram til at Gammalserie fra Rauma måtte vere eit av dei betre garna til selbuvottar. Eg har ikkje vore fornøgd med garnkvaliteten på nokon av dei eg før har brukt(kva no det var slags garn hugsar eg ikkje..), so eg kjøpte inn 4 nøster av dette garnet. To kvite og to svarte. Fyrst i desember vart dei brukt! Då fann eg fram mitt eige mønsterhefte frå Thuve-Stua og strikka eit par vottar til Irene i julegåve. Dei strikka eg i damestørrelse og på pinne 3. Heldigvis har Irene små hender, for dei var i alle fall ikkje passelege til meg! Garnet var nok ein god smule tynnare enn det i oppskrifta. Men du for eit deilig og varmt garn det var! Eg har absolutt tru på at dette blir gode vottar og sidan Irene sine vart strikka på berre 3 dagar fann eg ut at eg burde jo ha eit par sjølv også.

Desse strikka eg til meg sjølv. Det tok meir enn 3 dagar. Heller 3 veker tenker eg. I og med at Irene sine vart so små strikka eg i herrestørrelse til meg sjølv. Dei vart eigentleg i minste laget likevel, for eg strikka med pinne 2,5 heile vegen fordi eg i ein glup augneblink trudde at eg kom til å strikke jevnare med tynnare pinnar. Veit no ikkje heilt om det stemte, so neste prosjekt får bli til meg sjølv i herrestrørrelse med pinne 3. Då bør dei vel verte passelege.

Garnet var som sagt supert. Og det var drygt i bruk. Eg har strikka to par selbuvottar av nesten berre to nøster! Dermed har eg av dei fire eg kjøpte nok til enda eit par voksenvottar og eit par Theodorvottar.

mandag 27. desember 2010

Posar til fine jenter

Til mine herlege fadderbarn/ syskenbarn sydde eg i år toalettmapper/ posar med navn på. Desse posane er so kjekke og fungerar til alt! Lovise fekk også toalettmappe, men den kjem det bilete av seinare.













Sara sin pose er fylt med strykevatt og quilta litt, Anna Lisa sin har vlieselin inni. Var spent på om det kom til å bli alt for stivt når eg brukte vlieselin, men trur det fungerar greit når den er brukt litt. Begge posane har ein kontrastfarge inni som gjer at det ikkje visar saumar på innsida. Genialt mønster! Det er som på dei andre posane, henta frå Timotei.





Posane fylte eg med litt toalettsaker. Såpe, krem, speil og lipgloss.

onsdag 1. desember 2010

Pepperkakeformposar og andre posar

Her om dagen fekk eg eit tips frå Anna om fine pepperkakeformposar eg kunne sy. Smart! Eg fant då ei super poseoppskrift på timotei-bloggen og sydde fleire posar. Dei blei skikkelig fine! Super framgangsmåte!
Dette vart ein telyspose heime hos meg. Takk og farvel til stygge plastposar!

Her er ein pepperkakeformpose med IKEA pepperkakeformpiggsvin. Den vart eigentleg litt for liten til alle pepperkakeformene mine, men den gjer nok nytta som noko anna når eg har sydd meg ein litt større pepperkakeformpose. Piggsvinet burde vel kanskje vore brodert på, men eg berre sydde det med den alt for dårlige maskina mi. Det får duge for no.

Her er alle. To like pepperkakeformposar, telysposen og ein nøttepose med ekorn på. Den eine piggsvinposen og ekornposen har fått ny heim i Tromsø hos Tutten. :)