søndag 21. februar 2010

Denne boka er på veg til meg i posten! Og på tirsdag skal eg på Stoff og Stil og hamstre stoff. GLER meg til å prøve å sy etter oppskriftene her. :o)

Trøfla og soltørka tomat-horn

Eg har prøvd å lage trøfla for første gong etter å ha fått oppskrift frå Irene. Det var ikkje vanskelig i det heile tatt. Namnamnam!
Eg laga dei i desse smakane: naturell, kaffi, appelsin, naturell rulla i havsalt og naturell med kvitt sjokolade-trekk.


HORN MED SOLTØRKA TOMAT
Og so laga eg horn med soltørka tomat og masse anna snadder etter oppskrift på Wenches kjøkken.
Dei var kjempegode og heilt supre til niste. Som det står i oppskrifta er det berre å ta dei med rett frå frysen om morgonen, so er dei klare og heilt "ferske" til lunsj.
Legg forresten merke til det fine Ludvig-kjøkkenhandkleet mitt. ;)