lørdag 28. august 2010

Tjukkelesta

Den siste veka har eg tilbrakt nordpå. Nesten uansett kvar eg reiser brukar eg å ha med eit par tjukkelesta, men akkurat det tenkte eg ikkje på då eg reiste frå Nordfjord og 27 grader. Derfor heiv eg meg rundt og strikka eit par i eit alt for dyrt sokkegarn(Regia) eg fant på ein butikk i Harstad. Dama på butikken sa at eg måtte ha 3 nøster, men eg klarte meg fint med godt under to. Det blir vel 5-6 par med Theodor-sokka i tillegg tenker eg.
Published with Blogger-droid v1.5.5.2

tirsdag 24. august 2010

Alpakkagenser til Theodor

Tidleg i sommar begynte eg på denne genseren til Theodor i alpakkagarn frå Sandnes. Den er fantastisk fordi det er rundstrikk og null montering! :) Egentlig skulle den strikkast i 5 fargar, men eg hadde kjøpt inn 4 til ein annen genser. So eg berre modifiserte mønsteret litt undervegs. Strikka den i str 2 år, men la på nokre cm både på armane og bolen. Får håpe den er stor nok.

Eigentleg skal halsen brettast bak og syast fast på innsida, men eg syns den var fin sånn eg. Skal prøve den på og sjå kva som blir best.

Eg er vekkreist på jobb, so bildene er tatt med det elendige desire-kameraet mitt.

fredag 13. august 2010

Sommeroppdatering

Eg har ikkje slutta å sy, strikke, bake og blogge om nokon skulle lure på det. Eg er heller ikkje på ein eller annan lang og eksotisk sommerferie. Nope. Vi flyttar og hobbytida mi har den siste tida gått til nedpakking, maling, vasking, flytting, vasking, utpakking, osv... I tillegg klarte eg å legge igjen oppskrifta til den genseren eg nesten var ferdig med på flyet her om dagen. Argh!
Eg har no likevel eit par ferdige prosjekt som ikkje har komt seg på nett enda. Ein Mariusgenser i rundstrikk og fine farga til meg sjølv, og nokre djevelluer. Bilder kjem når eg får somla meg til å ta dei. ;)