Viser innlegg med etiketten Baking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Baking. Vis alle innlegg

tirsdag 9. november 2010

Yoghurtbrød


Desse brøda er fantastisk gode og saftige i mange dagar:

1 pk gjær
ca 1 liter vatn/melk
5 dl yoghurt naturell
1 dl olivenolje
2 revne gulrøtter
1 dl linfrø
2 dl solsikkekjerner
1 ts salt
4 dl sammal kveite, grov
ca 2 kg kveitemjøl

200 grader
Steikast på nederste rille i ca 30 min.

MMMMmmmm!

onsdag 15. september 2010

Foccaciatoast

I går baka eg foccacia og noko av det beste med det er at eg kan lage foccaciatoast dagen etter. Med pesto, salami og ost. Fersk basilikum og balsamicodressing på toppen. Og ein kopp kaffi attåt. LYKKE.
Published with Blogger-droid v1.5.8

tirsdag 4. mai 2010

Knekkebrød

Eg syns mamma var litt småsær då eg var heime for ei stund sida og ho skulle bake knekkebrød. Men so snart dei var ferdige var eg totalt overbevist. Kjempegode!
Her er oppskrifta for dei som enda ikkje er på knekkebrødkjøret:

KNEKKEBRØD
7 dl kaldt vatn
1/4 terning grønnsaksbuljong
1/2 ts salt
1 1/2 dl kruskakli
1 1/2 dl sesamfrø
1 dl linfrø
2 dl soksikkekjerner
3 1/2 dl havregryn
3 dl sammal rug, grov

Bland godt og fordel på tre brett kledd med bakepapir. Smør "røra" utover til eit tynt lag som fyller heile bretta. Eg brukar å stryke den ut med slikkepott og lette bevegelsar.
Del kvart brett i 16 med ein slikkepott eller kniv. Gjerne etter dei har steikt 10 min.

Steikast med varmluft på 170 grader i 40-45 min.
Avkjøl på rist.


Min favoritt er med brunost og aprikos&fersken-syltetøy. Dei er også veldig gode med kvitost/smøreost og paprika.

søndag 21. februar 2010

Trøfla og soltørka tomat-horn

Eg har prøvd å lage trøfla for første gong etter å ha fått oppskrift frå Irene. Det var ikkje vanskelig i det heile tatt. Namnamnam!
Eg laga dei i desse smakane: naturell, kaffi, appelsin, naturell rulla i havsalt og naturell med kvitt sjokolade-trekk.


HORN MED SOLTØRKA TOMAT
Og so laga eg horn med soltørka tomat og masse anna snadder etter oppskrift på Wenches kjøkken.
Dei var kjempegode og heilt supre til niste. Som det står i oppskrifta er det berre å ta dei med rett frå frysen om morgonen, so er dei klare og heilt "ferske" til lunsj.
Legg forresten merke til det fine Ludvig-kjøkkenhandkleet mitt. ;)

mandag 25. januar 2010

Brødbaking

I dag har eg hatt fri og vert heime og rydda på kjøkkenet. Samtidig har eg baka brød, noko som er fryktelig lite tidkrevande når ein likevel er heime. Den største jobben er å vaske bakebollen etterpå...
I periodar bakar eg mykje brød, rett og slett fordi det er så enkelt, godt og billig! :) I andre periodar tenker eg at det er for mykje styr og lar vere. So kjem eg på at det var lurt igjen og fyller opp fryseren. Til jul fekk vi kjøkkenmaskin, og då kan eg også få elta deigen litt lenger enn eg orkar for hand. Det bør gje gode resultat!


Oppi desse brøda hadde eg blant anna grovt og fint rugmel, linfrø, solsikkekjerner og kruskakli. Eg fulgte ei oppskrift, men slumpa til der eg ikkje hadde akkurat det som stod i oppskrifta.



Deigen skal vere skikkelig klissete, då blir brøda saftige og gode. Og då skal dei heller ikkje smuldre so mykje har eg hørt. Eg er ikkje heilt sikker på om denne deigen var klissete nok.


Etter eit par tima heving(i bollen to gongar og deretter i formene) og ein time steiking var dei tre brøda ferdige:


Eg elskar nysteikte brød! Og ingenting er betre enn nysteikt brød med brunost og eit glas iskald melk!

Nam nam nam nam nam nam nam nam nam nam nam! :) Lykke!