Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg

tirsdag 28. desember 2010

Selbuvottar


I vår eller kanskje i fjor hadde eg planar om å strikke selbuvottar etter eit oppskriftshefte svigerfar fant frå 1947. Etter litt forumsundersøking kom eg fram til at Gammalserie fra Rauma måtte vere eit av dei betre garna til selbuvottar. Eg har ikkje vore fornøgd med garnkvaliteten på nokon av dei eg før har brukt(kva no det var slags garn hugsar eg ikkje..), so eg kjøpte inn 4 nøster av dette garnet. To kvite og to svarte. Fyrst i desember vart dei brukt! Då fann eg fram mitt eige mønsterhefte frå Thuve-Stua og strikka eit par vottar til Irene i julegåve. Dei strikka eg i damestørrelse og på pinne 3. Heldigvis har Irene små hender, for dei var i alle fall ikkje passelege til meg! Garnet var nok ein god smule tynnare enn det i oppskrifta. Men du for eit deilig og varmt garn det var! Eg har absolutt tru på at dette blir gode vottar og sidan Irene sine vart strikka på berre 3 dagar fann eg ut at eg burde jo ha eit par sjølv også.

Desse strikka eg til meg sjølv. Det tok meir enn 3 dagar. Heller 3 veker tenker eg. I og med at Irene sine vart so små strikka eg i herrestørrelse til meg sjølv. Dei vart eigentleg i minste laget likevel, for eg strikka med pinne 2,5 heile vegen fordi eg i ein glup augneblink trudde at eg kom til å strikke jevnare med tynnare pinnar. Veit no ikkje heilt om det stemte, so neste prosjekt får bli til meg sjølv i herrestrørrelse med pinne 3. Då bør dei vel verte passelege.

Garnet var som sagt supert. Og det var drygt i bruk. Eg har strikka to par selbuvottar av nesten berre to nøster! Dermed har eg av dei fire eg kjøpte nok til enda eit par voksenvottar og eit par Theodorvottar.

lørdag 30. oktober 2010

Mariusgenser

I sommar strikka eg denne mariusgenser i alpakka fra Sandnes garn. Til meg sjølv. :o) Den er heilt fantastisk deilig. God og varm, men ikkje for varm - akkurat som alpakka"ulla" skal vere.

Fargane er grå-brun, kvit og mørk lilla. Eg strikka den med pinne nr 3,5 og 4 og det gjekk eigenteg ganske so raskt. Hadde den med meg litt rundomkring på jobb og fekk strikka litt her og der. Medan eg var på ei lenger jobbreise på sørlandet trudde eg at eg skulle få den ferdig, men plutseleg klarte eg å gå heilt tom for den gråbrune tråden! Ingenting er værre enn å vere so nær målet og ikkje ha sjangs til å fullføre. På den lokale garnbutikken hadde dei sjølvsagt ikkje riktig fargeparti, so eg var nødt å vente til eg kom heim til Langevåg for å få gjort den ferdig to veker etterpå. Og sjølvsagt var det min eigen feil. Eg hadde jo strikka bolen lenger utan å ha tenkt på at det kunne få konsekvensar for garnforbruket..

mandag 25. oktober 2010

Tjukkelesta med rullekant

Mamma hadde bursdag i september og fekk eit par kjempefine sokkar i gave. Dei hadde "rullekant" og eg måtte berre prøve å gjere det samme. Eg talte maskene og såg litt på korleis dei var laga, før eg so prøvde å huske det igjen eit par veker etterpå. Det gjekk nokonlunde greit. Eg har visst strikka i eit garn som var ein del tynnare, men størrelsen vart då heilt perfekt. :)





Dei er strikka i Sisu frå SandnesGarn og eg har lagt opp 60 masker. Sokk nr ein brukte eg 2-3 dagar på, sokk nr to brukte eg 2-3 veker på. Det er merkeleg korleis det alltid tar so mykje lenger tid med sokk nr to..


tirsdag 19. oktober 2010

Tova tøfler


Mamma bestilte tova tøfler frå meg allereie tidleg i vår. Etter å ha strikka éin vart prosjektet liggande i ei evighet. No er dei endeleg ferdige og mamma kan vere varm og god på beina i vinter. (Sjølv om eg har høyrt eit lite rykte om at ho ikkje fekk ha dei i fred..)

Tøflene er strikka i Finull frå Rauma. Dei er litt meir avanserte enn dei eg har lagt ut på bloggen tidlegare. Tar jo då også litt meir tid. Då eg strikka dei andre tøflene brukte eg dobbelt Østlandsgarn e.l.(tilsammen ca 6 trådar). Her brukar eg enkel Finull(2-tråds), so dei er ganske so store før dei tovast og krympar mykje. Det tar lenger tid å strikke når det er so tynt garn, men eg syns tovinga blir veldig fin når ein gjer det på denne måten.

I og med at eg strikka ein tøffel før sommaren og ein etter klarte eg sjølvsagt å gjere ein dustete feil. Som vanlig. Då eg strikka den fyrste tenkte eg at eg skulle vere lur(...som vanlig) og strikke hælen med dobbel tråd sånn at den vart ekstra slitesterk. Det trudde eg at eg hugsa då eg begynte på tøffel nr to og strikka so HEILE sålen med dobbel tråd... Å rekke opp den sålen der for å strikke den igjen var ikkje akkurat høgt på prioriteringslista mi. So då måtte eg heller jukse inn litt tråd på heile sålen til den fyrste tøffelen i tillegg. Det vart so som so, men mamma er varm på beina og det er det viktigaste. 

tirsdag 5. oktober 2010

Strikkalue

Eg er vekke på jobb og har av fri fantasi strikka ei lue etter restegarnet fra Theodor sin genser. Trur den skal matche, og no når den er ferdig ser den egentlig passelig ut og. So får vi sjå om den ser lur ut på eller ikkje. Eg er ein smule skeptisk til det.
Published with Blogger-droid v1.6.2

lørdag 28. august 2010

Tjukkelesta

Den siste veka har eg tilbrakt nordpå. Nesten uansett kvar eg reiser brukar eg å ha med eit par tjukkelesta, men akkurat det tenkte eg ikkje på då eg reiste frå Nordfjord og 27 grader. Derfor heiv eg meg rundt og strikka eit par i eit alt for dyrt sokkegarn(Regia) eg fant på ein butikk i Harstad. Dama på butikken sa at eg måtte ha 3 nøster, men eg klarte meg fint med godt under to. Det blir vel 5-6 par med Theodor-sokka i tillegg tenker eg.
Published with Blogger-droid v1.5.5.2

tirsdag 24. august 2010

Alpakkagenser til Theodor

Tidleg i sommar begynte eg på denne genseren til Theodor i alpakkagarn frå Sandnes. Den er fantastisk fordi det er rundstrikk og null montering! :) Egentlig skulle den strikkast i 5 fargar, men eg hadde kjøpt inn 4 til ein annen genser. So eg berre modifiserte mønsteret litt undervegs. Strikka den i str 2 år, men la på nokre cm både på armane og bolen. Får håpe den er stor nok.

Eigentleg skal halsen brettast bak og syast fast på innsida, men eg syns den var fin sånn eg. Skal prøve den på og sjå kva som blir best.

Eg er vekkreist på jobb, so bildene er tatt med det elendige desire-kameraet mitt.

lørdag 3. april 2010

Påskehøner

Påskeprosjektet mitt i år er slike små påskehøner. Det er vel eigentleg kyllingar i følge oppskrifta, men eg syns det ser meir ut som høner. Eg har foreløpig strikka 6 stk; 2 til mamma, 2 til farmor og 2 til mormor. Mamma skal få fleire etter kvart.
Dei skal eigentleg fyllast med vatt, men kan like godt brukast som eggevarmarar.

GOD PÅSKE!

onsdag 3. mars 2010

Lille Anna


Då Ruth-Bente si lille Anna skulle komme til verda var det på tide med litt meir babystrikk og litt scrapping. GRATULERER til Tutten og Trond!

Desse tøflene syns eg er heilt fantastisk søte! Eg strikka dei også til Theodor då han var nyfødt, men den eine klarte å havne i ein 60-vask og blei på størrelse med ein fingerbøl... :p


Og eit anna av favoritt-baby-strikke-plagga mine er djevellue i alpakkagarn frå boka Myk Start. den har heilt super passform og Theodor har vel hatt 4-5 stk i løpet av babytida.

Eg stjal inspirasjon frå eit kort Anne Britt laga til Theodor og laga eit sikksakk-brette-kort av det minimale eg hadde av scrappepapir. (Note to self: kjøp meir!!!)


Sånn blei det sjåandes ut inni. :)

Og heldige meg fekk møte Anna før ho var eit døgn gammal! Ho var herlig, lita, varm og god! Og djevellua gjorde ho varm på hovudet på barselhotellet.

fredag 8. januar 2010

Monsterbukse og musetøfler

Theodor har fått seg bukse med monster på rumpa. Eg strikka den ferdig rett før jul og broderte på augene og tenna i romjula. Broderinga var ein kjedelig jobb! Først og fremst fordi eg ikkje heilt har teket på maskesting. Og fordi det tok tid. Eg brukte sikkert ein heil julefilm på det!;)
Men eg vart no sånn ca fornøgd med resultatet. Den er strikka i Østlandsgarn og har snøring øverst og ribbestrikk nederst.



Her er den i bruk for første gong imens Theodor leika med Kenya. Gode venna! :)


MUSETØFLER

Eg strikka desse musetøflene for sikkert 3 år sidan, men har
ikkje hatt ein fot som har vert verken stor nok eller liten nok til å få brukt dei. Men no er dei endelig passelige til Theodor. Eg har leita lenge etter god anti-skli til å ha under og fant til slutt ei slik tube på Panduro. --------->
Med den kunne eg teikne på sjølv og lage so mykje eg ville. Genial og finnast i fleire fargar.
Vi har det ganske golvkaldt i huset, men no skal i alle fall Theodor vere varm på beina framover, for desse er skikkelig tjukke! :)

torsdag 7. januar 2010

Nyttårsforsett: meir blogging

Det har gått over eit år sidan eg sist skreiv noko her, og etter inspirasjon fra flinkis-Anne -kreative- Britt sin blogg har eg bestemt meg for å skjerpe meg i det kommande året.

No på nyåret er det vel tid for å legge ut eit par bilder av årets julegaver. Eg hadde eit lite sykick ei stund før jul og det var faktisk veldig artig. So det skal eg fortsette med når eg føler eg får tid ein dag. Det starta med at eg fekk lyst til å sy sånne "Stelton"-korger. Det gjekk fint, og so fekk eg lyst å prøve meg på strikkepinneetui.

Strikkepinneetuiet til Irene:

Eg har sydd eit strikkepinneetui til meg sjølv tidlegare, men det vart både slappt, stort og stygt. Eg er mykje meir fornøgd med dette designet her! Brukte stivare stoff og gjorde det litt meir "avansert" enn det forrige eg laga. Toppen brettast ned over pinnane, og so rullast det saman.

Kristine Sofie sitt:
Eg elska det ku-stoffet! Kjøpte det på ein butikk i ei gudsforlatt bygd i Sverige ein gong eg var på jobb. Skulle ønske eg hadde kjøpt meir enn ein halv meter..

Slik ser dei ut når dei er rulla saman. I tillegg sydde eg fast eit svart silkeband på Irene sitt og eit kvitt eit på Kristine Sofie sitt. Eg har visst ikkje tatt bilder med banda på. Dei vart festa på høgre sida og kan surrast rundt etuiet og knytast.



Litt strikking vart det soklart også før jul, men uten bildedokumentasjon. Eg strikka tøfler og panneband og selbuvottar til Frode:

Eg har strikka ein del selbuvottar tidlegare, med tynt garn. Syns at dei då ikkje har blitt varme nok, so eg ville prøve med litt tjukkare. Desse er strikka med Peer Gynt-garn og er skikkelig gode! Men med det garnet blei dei ikkje fullt so fint strikka som dei eg har laga før. Mulig det er eg som har mista teknikken, men eg velger å skylde på garnet. ;)

mandag 13. oktober 2008

Nøstebarndress


Eg har strikka en nøstebarndress i New Zealandsk lammeull fra 123knit.com. Mangla bare knappa, men det var visst ikkje so lett å få tak i mørkeblå knappa i riktig størrelse her.. :/

Lurer på om eg har gjort en liten feil, for armane ser litt korte ut i forhold til resten. Eg får teste den ut og heller juksestrikke dei litt lenger om dei blir for korte. :)

Lua er også fra nøstebarnboka. Syns den såg litt lita ut i forhold til resten den og, men eg får prøve når småen er ute. Kjeme han ikkje no snart kjeme han til å passe rett i den dressen der etter fødselen! :p

søndag 28. september 2008

Hentesettet ferdig!


Eg har strikka hentesett i deilig alpakkagarn til småen! Det høre med sokka og, men dei kom visst ikkje med på bildet.
Jakka var et lite herk å bli ferdig med, sjølv om det eigentleg gjekk ganske radig. Eg er bare so utrulig utolmodig! :p

No gleda eg meg stort til å kle det på småen. Skal bli ein varm og god høstbaby her i huset. :)

Høstens første tovaplagg

Høsten er her! Og då er det på tide å lage tøfler til julegaver og til gjesta som skal gå på det kalde golvet vårt. :)
Eg strikka to par i fjor vinter, men mente å huske at det var kjedelig. Særlig utfordrande eller spennande var det jo ikkje, men det gikk fort! Eg får eit par ferdig strikka tøfler på ein litt lang kveld. ;)
Her er mamma sine(bursdagsgave) til venstre og mine til høgre. Har også laga til svigermor som takk for hjelp etter tapetseringa av barnerommet, men dei er innpakka.

Då eg var i Bergen for eit par veker sida kjøpte eg 3-tråds nøstebarngarn og strikka dissa vottane til meg sjølv etter oppskrift i Nøstebarnboka. :) Artige farga!

Eit til par i oppskrift fra Nøstebarn. Strikka dei med garn fra 123.knit.com; Luna Wool.
Dei var tenkt som julegave, men den til høgre fekk ein liten skavank på brotet sida eg hadde strikka den mykje kortare enn den andre. Juksa det til med å plukke opp masker og strikke et par ekstra cm.