Viser innlegg med etiketten Sying. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sying. Vis alle innlegg

mandag 27. desember 2010

Posar til fine jenter

Til mine herlege fadderbarn/ syskenbarn sydde eg i år toalettmapper/ posar med navn på. Desse posane er so kjekke og fungerar til alt! Lovise fekk også toalettmappe, men den kjem det bilete av seinare.













Sara sin pose er fylt med strykevatt og quilta litt, Anna Lisa sin har vlieselin inni. Var spent på om det kom til å bli alt for stivt når eg brukte vlieselin, men trur det fungerar greit når den er brukt litt. Begge posane har ein kontrastfarge inni som gjer at det ikkje visar saumar på innsida. Genialt mønster! Det er som på dei andre posane, henta frå Timotei.





Posane fylte eg med litt toalettsaker. Såpe, krem, speil og lipgloss.

onsdag 1. desember 2010

Pepperkakeformposar og andre posar

Her om dagen fekk eg eit tips frå Anna om fine pepperkakeformposar eg kunne sy. Smart! Eg fant då ei super poseoppskrift på timotei-bloggen og sydde fleire posar. Dei blei skikkelig fine! Super framgangsmåte!
Dette vart ein telyspose heime hos meg. Takk og farvel til stygge plastposar!

Her er ein pepperkakeformpose med IKEA pepperkakeformpiggsvin. Den vart eigentleg litt for liten til alle pepperkakeformene mine, men den gjer nok nytta som noko anna når eg har sydd meg ein litt større pepperkakeformpose. Piggsvinet burde vel kanskje vore brodert på, men eg berre sydde det med den alt for dårlige maskina mi. Det får duge for no.

Her er alle. To like pepperkakeformposar, telysposen og ein nøttepose med ekorn på. Den eine piggsvinposen og ekornposen har fått ny heim i Tromsø hos Tutten. :)

torsdag 7. oktober 2010

Mobiletui


Eg hadde besøk av Anne Britt ein dag og ho hadde kjøpt seg eit heimelaga mobiletui. Etter litt studering og spekulering fant vi ut korleis det var laga, gjorde ei lita justering og sydde dei sjølve. Her er noken få av dei eg har laga, fleire kjem etterkvart. Dei er fylt med litt vatt, nokre har knapp oppe, nokre kneppeknapp, nokre borrelås og nokre utan noko som helst.

lørdag 2. oktober 2010

Kattedesign

No er eg endeleg igang med syinga igjen etter nokre hektiske månader med flytting, oppussing, jobbing og hussalg. Skal sei det var kjekt å finne fram symaskina igjen og la spisestuebordet flyte over av stoff og vatt og diverse syutstyr i nokre dagar. :)

På ein tur gjennom Eidsgata i sommar kom eg over dette katte-stoffet. Mamma elskar kattar, so då måtte eg jo kjøpe det. På samme butikken kjøpte eg 5 m glidelås som eg kan klippe av i passe lange stykker alt etter som. Genialt! Denne mappa er ei større utgave av den oransje eg sydde for ei stund sida, oppskrifta finnast her.
Mappa er ca 28x8x7cm og har eit svart stoff på innsida. Artig å lage, so det blir definitivt fleire sånne i forskjellige størrelsar framover. Kan jo brukast både som pennal, sminkepung, toalettmappe, strikketøyoppbevaring osv.

Det vart også eit par brødkorger i "Stelton"-form. Ei stor(som mamma fekk før eg tok bilder) og ei lita.


Og til sist eit mobiletui. Dei kjem det fleire av etterkvart. Dette tenkte eg å sy ei kattehempe på, med borrelås, men det skar seg litt og eg erklærte den ferdig som den er her.

onsdag 7. juli 2010

Kveldens pusleri - ei lita mappe


Eg kom over denne sida og berre MÅTTE prøve sjølv om eg eigentleg hadde bestemt meg for å ikkje sy meir før vi flyttar. Tida bør brukast til meir fornuftige ting som pakking og nedvask, men når mannen ser på fotball bør vel eg og få kose meg litt? :)


Denne sminkemappa var eigentleg ganske so lett å sy, og det gjekk fortare enn forventa. Eg hadde dessverre berre ein glidelås igjen, og den var kort. Då vart det ei lita mappe som eigentleg ikkje egnar seg til sminke. Ikkje ein gong eg får plass til sminka mi oppi den der! Den måler ca 13x6x4 cm og eg anar ikkje kva eg skal bruke den til. Men søt er den. Og so blir det so deilig kvalitet i stoffet når det er quilta med litt vatt inni. (Og eg som trudde quilting berre var for halvgamle damer som laga merkelege dukar og stygge puter i kombinasjon av rare fargar.)

Eg må handle glidelåsar slik at eg kan sy fleire slike mapper! :o)

Heklenål-etui

I dag har svigermor bursdag og i den anledning har eg sydd eit heklenål-etui og ei nålepute i matchande stoff. Etuiet er eigentleg heilt likt strikkepinneetuia, berre litt mindre og med smalare lommer.

Inni sydde eg eit blondeband over lommestoffet.

På baksida sydde eg saman lappar av ulike stoff og quilta det saman med eit lag strykevatt.

Gratulerer med dagen svigermor! :o)

fredag 18. juni 2010

Nåleputer og sminkepung


I går sydde eg 4 nåleputer frå ei oppskrift du kan finne her. Veldig kjekke å lage og eg hadde nok laga dobbelt so mange hadde eg ikkje gått tom for vatt. Dei har fleecestoff på den eine sida og bomull på den andre.

Denne likte eg aller best og den er allereie gjeve vekk til verdas kjekkaste nabo som takk for at ho tok inn posten vår og handla garn til meg då vi var vekke. :)



I kveld har eg sydd meg ein sminkepung etter oppskrift på Timotei sin blogg. Det tok lenger tid enn eg hadde forventa, men eg vart godt nøgd med resultatet. Den er fora med vatt og eg syns det gav ei fin effekt når eg "quilta" nokre saumar før eg sydde dei saman. Største jobben var å sy fast skråbandet for hand på innsida. Kjedelig! Resten gjekk nokså greit, sjølv om eg gjerne skulle hatt glidelåsfot på symaskina mi. Kjeme nok til å sy noko liknande igjen tenker eg.

Eg berre måtte ha det Tilda-stoffet her då eg var og handla på Emma's Verden i dag. På innsida er den einsfarga kvit.

onsdag 9. juni 2010

Elefant til Matilde

Ein ny liten verdensborger med navn Matilde fekk denne elefanten i fødselsgave. Oppskrifta fant eg i One Yard Wonders-boka mi og eg koste meg skikkelig mens eg sydde den. Har derfor store planar om å sy fleire, er berre ikkje komt so langt enda.

Elefanten er sydd i Tilda-stoff og fylt med vatt. Baby-bandet er frå Stoff og Stil.




fredag 21. mai 2010

Sommarglede


Eg berre elskar dette stoffet. Det gjer meg sommarglad kvar gong eg ser på det. Denne posen er dedikert til trusepose og er herved med meg på kvar tur eg tar. Eit lite stykke lykke i kofferten.



Stoffet er kjøpt på Lappestua på Moa og dei nydelege snorene på Emma's Verden i Langevåg.

Fleire buksebilder



Knappehol og ugleforsterkning på innsida.

Heile buksa med lappar på leggane og strikk nederst.

onsdag 12. mai 2010

Sauepinneetui

Her er mitt siste strikkepinneetui. Til rundpinnar.

Rundpinne- og strømpepinneetui med sauestoff inni.


Eg har også laga eit mini-etui til to sett med strømpepinnar. Lite og fint å ha i veska eller i strikkeposen sin. Akkurat dette etuiet fungerar bare til bambuspinnar(e.l.), andre bare sklir ut. Skal lage ei tettare lukking neste gong.

mandag 10. mai 2010

Retrobukse til Theodor


Eg avanserar og har no sydd ei bukse til Theodor med både skråband og knappehol. Det vart ei ekte 70-tals bukse frå boka Børnetøj du selv kan sy 0-4 år som vart utgjeva ei god stund før eg var født. Kult!
Skråband prøvde eg sovidt å sy på fleecekjolen min også, men uten hell. Eg oppdaga at når ein faktisk gjer slik som det står i oppskrifta og klipper skråbandet diagonalt på stoffet vert det ein heil del lettare. Og med ein skråbandsbrettar lagar du skråband sjølv på 1-2-3!:)

Buksa er sydd i kordfløyel frå Stoff og Stil og er mjuk og deilig. Skråbandet er laga av eit kult uglestoff og selane har uglestoff-forsterkning på innsida. Lurer litt på om eg skal applikere på ei ugle i samme stoffet på magen. Evt ein apekatt som eg har liggande.

Å lage knappehol var eg veldig spent på, men det var lett som ingenting! Symaskina hadde jo ein lur knappeholsfot. Det var likevel litt skummelt å klippe ut sjølve holet.

Nederst på buksa hadde eg tenkt å sy på grønt ribb, men fant ut at det vart like greit med eit strikk.
På knea/leggane har eg sydd på ein lapp i samme kordfløyelstoff.

Dette vart ei herleg leikebukse, og som dokke ser er den ikkje heilt rein etter ein dag i barnehagen. :)

Elefanten Theodor leikar med har eg også laga. Det var på sløyden på barneskulen og eg har fortsatt mareritt om lærar Tone som står over meg og seier "du må pusse mer Kathrine, du må pusse mer". Ser no i ettertid at ho hadde heilt rett! ;)


Skal legge inn eit par bilder av berre buksa når den er rein og eg har kamera for handa igjen.

fredag 30. april 2010

Spencerfleecekjole

Eg har vore på rundtur i landet og sydd meg fleecekjole undervegs! Har lenge hatt lyst å lage meg ein fleecekjole, men har ikkje komt so langt før no. Eg var ein tur på Stoff og Stil i Bergen forrige veke, og då fant eg meg eit mønster på denne "Spencerkjolen". (Eg har fortsatt ikkje forstått kva ein spencer er, og tar gjerne imot opplysningar om det.)
Kjolen er sydd av eit fleeceteppe frå Ikea (greit å ikkje sløse vekk meir enn 29 kr om det skulle gå heilt i vasken fyrste gong). Eg hadde ein del problem med å skjønne mønsteret som eg hadde trudd skulle vere so enkelt. At det var vanskelighetsgrad 3 av 5 blåste eg fint i, "den såg jo so enkel ut". Eg ser no at eg er glad eg ikkje tok noko som var vanskelegare i alle fall. I og med at eg aldri hadde sydd noko slikt før ante eg ikkje kva annakvart ord betydde. Overlock, spencer, belegning, wienerlegg osv... Men då eg tok det punkt for punkt skjønte eg litt underveis og trur det vart sånn nokonlunde riktig.
Eg klipte alt og byrja på syinga ein søndag i Bergen, med god moralsk støtte frå Silje og Stine. Plutseleg nærma flyreisa mi til Tromsø seg, og eg var sikker på at eg kom til å bli ferdig på den neste halvtimen. Ha ha! Då eg etterkvart motvillig innsåg at det ikkje kom til å skje, tenkte eg at eg måtte skaffe meg ei symaskin i Tromsø. Heilt hekta! Snille snille Tutten (som eg skulle besøke) skaffa ei til meg sånn at eg fekk gjort kjolen min ferdig der oppe.

Eg hadde eigentleg tenkt å ha eit stoff i ein annen farge som belegning(dvs kantar oppe og rundt armane), men det vart bare rot, so eg valgte heller å bare sy "sikksakk" på kantane. Nederst sydde eg sikksakk med lilla tråd, og sikksakken gjorde sånn at fleecen bølga seg litt nede. Fin effekt.
Til pynt fekk eg eit par blomster Tutten hadde liggande. Fint fint!
Vips var kjolen ferdig og eg kunne stolt ha den på på jobb dagen etter. :)


Takk til:
Irene - for å ta initiativ til å fare på Stoff og Stil
Silje - for å kjøre til Stoff og Stil, for lån av stuegolv, sakser, spisebord og symaskin, for smøring av mat og for hjelp til å forstå mønsteret.
Stine - for moralsk støtte under klippinga.
Tutten - for blomstane, sytråd, hjelp med design og for at ho skaffa meg symaskin i Tromsø.
Maria - for lån av symaskin og hjelp til å tre den ;)

onsdag 21. april 2010

Vaskepose

Her om dagen sydde eg meg ein skittentøyspose til å ha når eg er ute og reiser. Brukte oppskrift frå Pickles og eit nydeleg stoff frå Lappestua på Moa. Prøvde å stryke på nokre bokstavar eg har kjøpt på Panduro, men dei vart ikkje heilt vellykka. Er ikkje heilt sikker på kva som gjorde det, men A'en og S'en er mykje meir gjennomsiktig enn dei andre to. Det spelar for sovidt ikkje noko rolle når den berre er til meg. :) Tips til gode påstrykingsbokstavar mottas med takk!
Bandet eg brukte er frå Stoff og Stil og har skrifta "Mom's Creation". Det var det eg hadde. ;)

tirsdag 20. april 2010

Frank-Frode Frosk


Her er frosken Frank-Frode. Han er sydd av eit fleeceteppe Margrete hadde med på sykveld hos meg før påske. Vi sydde frosk begge to og det var kjekt å ha nokon å samarbeide og planlegge med underveis. Det var mykje teikning og klipping, so det tok oss heile kvelden å lage den karen her. Men kjekk er han!

mandag 19. april 2010

Fleecemonster



Theodor har fått seg fleeceteppe og nytt sengesett frå Kid med blå monster på. Eg stod og såg på det i går og då MÅTTE eg bare sy eit matchande fleecemonster. :)
Eg fylte det med vatt og ein liten pose ris sånn at det kan stå av seg sjølv. Mjukt og deilig og kan fint brukast som ei lita kosepute. Theodor er glad i teppet sitt, so eg håper denne fell i smak også.

torsdag 15. april 2010

Fleire strikkepinneetui

Her er dei siste strikkepinneetuia eg har sydd:

Strømpepinne og rundpinneetui i samme stoff (Tilda).

Eg har prøvd å sy eit rundpinneetui. Det funkar, men skal prøve å gjere det på ein annen måte neste gong.


lørdag 20. mars 2010

Uglebuff og bukse

Eg har fått stoffpakke frå Stoff og Stil, so i går sydde eg "buff" og fleecebukse til Theodor.
Eg har aldri sydd kle før, men med mønster var det jo ikkje so vanskelig! :) Buffen hadde eg ikkje mønster på, men å sy saman eit stykke stoff er jo ikkje noko sak. Oppskrift på buksa fant eg i et sy-magasin og tilpassa den til sånn eg ville ha den. Å følge hobbyoppskrifter slavisk er ikkje heilt min stil. ;o)

Buksa er sydd i fleece med et stretch-stoff i beina og livet. I og med at eg ikkje har gjort det før vart det eit par småfeil som eigentleg ikkje er synlige. "Strikken" på beina har stretch feil vei og at det er noko som heiter "stoffretning" når ein skal sy tok eg over hodet ikkje hensyn til. Eg gjekk for "best-utnyttelse-av-stoffet" istaden eg. Men eg tek det til etterretning for seinare produkt. ;) Det slo meg etterpå at eg antakeleg burde hatt ein tråd med stretch når eg skal sy ting med stretch. Det "knaka" nemleg litt i tråden på bukselivet då eg drog i det. Eg får gå til innkjøp av slik tråd neste gong eg handlar.
Som pynt applikerte eg på ei lita ugle frå buff-stoffet.

Sånn ser buffen ut. Kule ugler! :)

Ein fin liten tass med ny bukse og hals. :o)