mandag 10. mai 2010

Retrobukse til Theodor


Eg avanserar og har no sydd ei bukse til Theodor med både skråband og knappehol. Det vart ei ekte 70-tals bukse frå boka Børnetøj du selv kan sy 0-4 år som vart utgjeva ei god stund før eg var født. Kult!
Skråband prøvde eg sovidt å sy på fleecekjolen min også, men uten hell. Eg oppdaga at når ein faktisk gjer slik som det står i oppskrifta og klipper skråbandet diagonalt på stoffet vert det ein heil del lettare. Og med ein skråbandsbrettar lagar du skråband sjølv på 1-2-3!:)

Buksa er sydd i kordfløyel frå Stoff og Stil og er mjuk og deilig. Skråbandet er laga av eit kult uglestoff og selane har uglestoff-forsterkning på innsida. Lurer litt på om eg skal applikere på ei ugle i samme stoffet på magen. Evt ein apekatt som eg har liggande.

Å lage knappehol var eg veldig spent på, men det var lett som ingenting! Symaskina hadde jo ein lur knappeholsfot. Det var likevel litt skummelt å klippe ut sjølve holet.

Nederst på buksa hadde eg tenkt å sy på grønt ribb, men fant ut at det vart like greit med eit strikk.
På knea/leggane har eg sydd på ein lapp i samme kordfløyelstoff.

Dette vart ei herleg leikebukse, og som dokke ser er den ikkje heilt rein etter ein dag i barnehagen. :)

Elefanten Theodor leikar med har eg også laga. Det var på sløyden på barneskulen og eg har fortsatt mareritt om lærar Tone som står over meg og seier "du må pusse mer Kathrine, du må pusse mer". Ser no i ettertid at ho hadde heilt rett! ;)


Skal legge inn eit par bilder av berre buksa når den er rein og eg har kamera for handa igjen.

4 kommentarer:

Anemone sa...

Dinna ser heilt fantastisk ut! Gler meg te å sjå nærare bilde av den. Kan ein bestille lik te eventuelle framtidige ungar om det skulle bli aktuelt ein dag..?
(I so fall får du det travelt, for eg ve helst ha ALT du laga av barnekle, hehe;)

Kathrine sa...

Klart du kan! Men då må du snart sette i gang med produksjonen, sånn at eg ikkje glømme ut korleis eg gjorde det. ;)

Anne Britt sa...

Åo mai gad!! :D du e så flink!! Eg blir så imponert! Drittøff bukse, deilig retrostil. Fortsett å sy :D

Kathrine sa...

Thanks Annis Brittis!:) Eg fortsette definitivt å sy! Synd eg ikkje kan drasse med meg symaskina rundtomkring på jobb. ;)