I går sydde eg 4 nåleputer frå ei oppskrift du kan finne her. Veldig kjekke å lage og eg hadde nok laga dobbelt so mange hadde eg ikkje gått tom for vatt. Dei har fleecestoff på den eine sida og bomull på den andre.
Denne likte eg aller best og den er allereie gjeve vekk til verdas kjekkaste nabo som takk for at ho tok inn posten vår og handla garn til meg då vi var vekke. :)
I kveld har eg sydd meg ein sminkepung etter oppskrift på Timotei sin blogg. Det tok lenger tid enn eg hadde forventa, men eg vart godt nøgd med resultatet. Den er fora med vatt og eg syns det gav ei fin effekt når eg "quilta" nokre saumar før eg sydde dei saman. Største jobben var å sy fast skråbandet for hand på innsida. Kjedelig! Resten gjekk nokså greit, sjølv om eg gjerne skulle hatt glidelåsfot på symaskina mi. Kjeme nok til å sy noko liknande igjen tenker eg.
Eg berre måtte ha det Tilda-stoffet her då eg var og handla på Emma's Verden i dag. På innsida er den einsfarga kvit.
2 kommentarer:
Så fine dei var! Nåleputer er fine å ha :) og so så søt sminkepung! Fine stoff :)
Og eg er den heldige eigar av ein av nåleputene på biletet. Hurra! :D Superfin!
Legg inn en kommentar