
Her om dagen fekk eg eit tips frå Anna om fine
pepperkakeformposar eg kunne sy. Smart! Eg fant då ei super poseoppskrift på
timotei-bloggen og sydde fleire posar. Dei blei skikkelig fine! Super framgangsmåte!
Dette vart ein
telyspose heime hos meg. Takk og farvel til stygge plastposar!

Her er ein
pepperkakeformpose med IKEA
pepperkakeformpiggsvin. Den vart eigentleg litt for liten til alle
pepperkakeformene mine, men den gjer nok nytta som noko anna når eg har sydd meg ein litt større
pepperkakeformpose.
Piggsvinet burde vel kanskje vore brodert på, men eg berre sydde det med den alt for dårlige maskina mi. Det får duge for no.

Her er alle. To like pepperkakeformposar, telysposen og ein nøttepose med ekorn på. Den eine piggsvinposen og ekornposen har fått ny heim i Tromsø hos Tutten. :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar