Det har gått over eit år sidan eg sist skreiv noko her, og etter inspirasjon fra flinkis-Anne -kreative- Britt sin blogg har eg bestemt meg for å skjerpe meg i det kommande året.
No på nyåret er det vel tid for å legge ut eit par bilder av årets julegaver. Eg hadde eit lite sykick ei stund før jul og det var faktisk veldig artig. So det skal eg fortsette med når eg føler eg får tid ein dag. Det starta med at eg fekk lyst til å sy sånne "Stelton"-korger. Det gjekk fint, og so fekk eg lyst å prøve meg på strikkepinneetui.
Strikkepinneetuiet til Irene:

Eg har sydd eit strikkepinneetui til meg sjølv tidlegare, men det vart både slappt, stort og stygt. Eg er mykje meir fornøgd med dette designet her! Brukte stivare stoff og gjorde det litt meir "avansert" enn det forrige eg laga. Toppen brettast ned over pinnane, og so rullast det saman.
Kristine Sofie sitt:

Eg elska det ku-stoffet! Kjøpte det på ein butikk i ei gudsforlatt bygd i Sverige ein gong eg var på jobb. Skulle ønske eg hadde kjøpt meir enn ein halv meter..

Slik ser dei ut når dei er rulla saman. I tillegg sydde eg fast eit svart silkeband på Irene sitt og eit kvitt eit på Kristine Sofie sitt. Eg har visst ikkje tatt bilder med banda på. Dei vart festa på høgre sida og kan surrast rundt etuiet og knytast.
Litt strikking vart det soklart også før jul, men uten bildedokumentasjon. Eg strikka tøfler og panneband og selbuvottar til Frode:

Eg har strikka ein del selbuvottar tidlegare, med tynt garn. Syns at dei då ikkje har blitt varme nok, so eg ville prøve med litt tjukkare. Desse er strikka med Peer Gynt-garn og er skikkelig gode! Men med det garnet blei dei ikkje fullt so fint strikka som dei eg har laga før. Mulig det er eg som har mista teknikken, men eg velger å skylde på garnet. ;)