torsdag 7. januar 2010

Nyttårsforsett: meir blogging

Det har gått over eit år sidan eg sist skreiv noko her, og etter inspirasjon fra flinkis-Anne -kreative- Britt sin blogg har eg bestemt meg for å skjerpe meg i det kommande året.

No på nyåret er det vel tid for å legge ut eit par bilder av årets julegaver. Eg hadde eit lite sykick ei stund før jul og det var faktisk veldig artig. So det skal eg fortsette med når eg føler eg får tid ein dag. Det starta med at eg fekk lyst til å sy sånne "Stelton"-korger. Det gjekk fint, og so fekk eg lyst å prøve meg på strikkepinneetui.

Strikkepinneetuiet til Irene:

Eg har sydd eit strikkepinneetui til meg sjølv tidlegare, men det vart både slappt, stort og stygt. Eg er mykje meir fornøgd med dette designet her! Brukte stivare stoff og gjorde det litt meir "avansert" enn det forrige eg laga. Toppen brettast ned over pinnane, og so rullast det saman.

Kristine Sofie sitt:
Eg elska det ku-stoffet! Kjøpte det på ein butikk i ei gudsforlatt bygd i Sverige ein gong eg var på jobb. Skulle ønske eg hadde kjøpt meir enn ein halv meter..

Slik ser dei ut når dei er rulla saman. I tillegg sydde eg fast eit svart silkeband på Irene sitt og eit kvitt eit på Kristine Sofie sitt. Eg har visst ikkje tatt bilder med banda på. Dei vart festa på høgre sida og kan surrast rundt etuiet og knytast.



Litt strikking vart det soklart også før jul, men uten bildedokumentasjon. Eg strikka tøfler og panneband og selbuvottar til Frode:

Eg har strikka ein del selbuvottar tidlegare, med tynt garn. Syns at dei då ikkje har blitt varme nok, so eg ville prøve med litt tjukkare. Desse er strikka med Peer Gynt-garn og er skikkelig gode! Men med det garnet blei dei ikkje fullt so fint strikka som dei eg har laga før. Mulig det er eg som har mista teknikken, men eg velger å skylde på garnet. ;)

4 kommentarer:

Anne Britt sa...

Så bra at du er i gong igjen! :D kjekt å lese blogg.. ;) eg og du skulle jo egentlig lage slike strikkepinneetui til julegåver i fjor, det blei dessverre ikkje noko av. Eg har ikkje symaskin eg, so blir ingenting av aleine i alle fall ;) Dei blei i alle fall kjeeempefine!! :O Du er knallflink! Og sånne Stelton-korger er så kjekke :)

Du, kunne eg fått oppskrifta på dissa tovavottane? Eller blir det mykje jobb for deg å skrive opp? Har så lyst å lage sånne :) òg selbuvotta... Men det får bli seinare en gong ;)

Gledar meg til å sjå meir stæsj bli lagt ut etterkvart!! :D

Anne Britt sa...

Når eg berre tenker meg om litt, trur eg søren meg eg har fått den oppskrifta på tovavottar med deg før! :P Skal heim og sjekke eg, så får vi sjå ;)

Kristine Sofie sa...

Å eg som ikkje visste at du hadde blogg da!! :)
Ditta var kjekt å sjå!
Tusen takk for det kjempeflotte strikkepinneetuiet! Det var supert! Digga dissa kuene eg og!! :)
Sitte å strikka tøfler no, å e særs spent på resultatet, sidan eg har tulla med både oppskrifta og garnvalget! Er alltid like spennande med saker som skal tovast!
Likte dei musetøflene! Såg et par på en anna blogg, men dei va ikkje so fine...kanskje du kunne tenke deg å dele oppskrifta med meg? om du fortfarande har den liggande då...

Kathrine sa...

Anne Britt: Eg trur du har fått oppskrifta før ja. Ellers skal eg skrive den ned til deg eg. No problem! :)
Kristine Sofie: Oppskrifta på musetøflene fant eg på ei nettside som no har fjerna den.. :( Veit at eg har printa den ut ein gong og skal leite litt for å sjå om eg finne den. Har lyst å strikke fleire eg og. Ellers har mamma fått oppskrifta med meg, so det kan godt hende ho har kontroll på den. ;)