Eg syns mamma var litt småsær då eg var heime for ei stund sida og ho skulle bake knekkebrød. Men so snart dei var ferdige var eg totalt overbevist. Kjempegode!
Her er oppskrifta for dei som enda ikkje er på knekkebrødkjøret:
KNEKKEBRØD
7 dl kaldt vatn
1/4 terning grønnsaksbuljong
1/2 ts salt
1 1/2 dl kruskakli
1 1/2 dl sesamfrø
1 dl linfrø
2 dl soksikkekjerner
3 1/2 dl havregryn
3 dl sammal rug, grov
Bland godt og fordel på tre brett kledd med bakepapir. Smør "røra" utover til eit tynt lag som fyller heile bretta. Eg brukar å stryke den ut med slikkepott og lette bevegelsar.
Del kvart brett i 16 med ein slikkepott eller kniv. Gjerne etter dei har steikt 10 min.
Steikast med varmluft på 170 grader i 40-45 min.
Avkjøl på rist.
Min favoritt er med brunost og aprikos&fersken-syltetøy. Dei er også veldig gode med kvitost/smøreost og paprika.
tirsdag 4. mai 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Naaaaaaaaaaam, det der må eg prøve! Har sett mange andre som laga det, men harkje prøvd sjølv endå. Får teste den her oppskrifta snart :)
Det MÅ du! Den e bare fantastisk. Superenkel å lage og grusar Wasa ned i støvlane!;)
Og so får du ei god unnskyldning til å kjøpe ein fin boks til å ha dei oppi.
Oppskrifta er allerede skrevet ned, gleder meg til å få tid til slikt når eksamenskjøret er over. Tusen takk for brødoppskrifta også:)
Kjekt med en så inspirerende "husmorblogg"
So kjekt å kunne vere til inspirasjon Gunn! :) husmor..? eg? :p
Legg inn en kommentar