


strikking-sying-baking-nynorsk-hekling-scrapping-sying-brodering-strikking
Mamma hadde bursdag i september og fekk eit par kjempefine sokkar i gave. Dei hadde "rullekant" og eg måtte berre prøve å gjere det samme. Eg talte maskene og såg litt på korleis dei var laga, før eg so prøvde å huske det igjen eit par veker etterpå. Det gjekk nokonlunde greit. Eg har visst strikka i eit garn som var ein del tynnare, men størrelsen vart då heilt perfekt. :)
Dei er strikka i Sisu frå SandnesGarn og eg har lagt opp 60 masker. Sokk nr ein brukte eg 2-3 dagar på, sokk nr to brukte eg 2-3 veker på. Det er merkeleg korleis det alltid tar so mykje lenger tid med sokk nr to..
Mamma bestilte tova tøfler frå meg allereie tidleg i vår. Etter å ha strikka éin vart prosjektet liggande i ei evighet. No er dei endeleg ferdige og mamma kan vere varm og god på beina i vinter. (Sjølv om eg har høyrt eit lite rykte om at ho ikkje fekk ha dei i fred..)
Tøflene er strikka i Finull frå Rauma. Dei er litt meir avanserte enn dei eg har lagt ut på bloggen tidlegare. Tar jo då også litt meir tid. Då eg strikka dei andre tøflene brukte eg dobbelt Østlandsgarn e.l.(tilsammen ca 6 trådar). Her brukar eg enkel Finull(2-tråds), so dei er ganske so store før dei tovast og krympar mykje. Det tar lenger tid å strikke når det er so tynt garn, men eg syns tovinga blir veldig fin når ein gjer det på denne måten.
I og med at eg strikka ein tøffel før sommaren og ein etter klarte eg sjølvsagt å gjere ein dustete feil. Som vanlig. Då eg strikka den fyrste tenkte eg at eg skulle vere lur(...som vanlig) og strikke hælen med dobbel tråd sånn at den vart ekstra slitesterk. Det trudde eg at eg hugsa då eg begynte på tøffel nr to og strikka so HEILE sålen med dobbel tråd... Å rekke opp den sålen der for å strikke den igjen var ikkje akkurat høgt på prioriteringslista mi. So då måtte eg heller jukse inn litt tråd på heile sålen til den fyrste tøffelen i tillegg. Det vart so som so, men mamma er varm på beina og det er det viktigaste.
Eg hadde besøk av Anne Britt ein dag og ho hadde kjøpt seg eit heimelaga mobiletui. Etter litt studering og spekulering fant vi ut korleis det var laga, gjorde ei lita justering og sydde dei sjølve. Her er noken få av dei eg har laga, fleire kjem etterkvart. Dei er fylt med litt vatt, nokre har knapp oppe, nokre kneppeknapp, nokre borrelås og nokre utan noko som helst.