tirsdag 19. oktober 2010

Tova tøfler


Mamma bestilte tova tøfler frå meg allereie tidleg i vår. Etter å ha strikka éin vart prosjektet liggande i ei evighet. No er dei endeleg ferdige og mamma kan vere varm og god på beina i vinter. (Sjølv om eg har høyrt eit lite rykte om at ho ikkje fekk ha dei i fred..)

Tøflene er strikka i Finull frå Rauma. Dei er litt meir avanserte enn dei eg har lagt ut på bloggen tidlegare. Tar jo då også litt meir tid. Då eg strikka dei andre tøflene brukte eg dobbelt Østlandsgarn e.l.(tilsammen ca 6 trådar). Her brukar eg enkel Finull(2-tråds), so dei er ganske so store før dei tovast og krympar mykje. Det tar lenger tid å strikke når det er so tynt garn, men eg syns tovinga blir veldig fin når ein gjer det på denne måten.

I og med at eg strikka ein tøffel før sommaren og ein etter klarte eg sjølvsagt å gjere ein dustete feil. Som vanlig. Då eg strikka den fyrste tenkte eg at eg skulle vere lur(...som vanlig) og strikke hælen med dobbel tråd sånn at den vart ekstra slitesterk. Det trudde eg at eg hugsa då eg begynte på tøffel nr to og strikka so HEILE sålen med dobbel tråd... Å rekke opp den sålen der for å strikke den igjen var ikkje akkurat høgt på prioriteringslista mi. So då måtte eg heller jukse inn litt tråd på heile sålen til den fyrste tøffelen i tillegg. Det vart so som so, men mamma er varm på beina og det er det viktigaste. 

2 kommentarer:

Anne Britt sa...

Tøffe! Meir arbeid seier du? Då tvilar eg på denne blir prøvd av meg ;) giddalaus hobbyjente - håplaust.. Nei, skulle vel gitt dei en sjanse? Dei som e enklare er litt for åpne i ankelpartiet synes eg. Held på med eit par no og tenkte eg skulle prøve å sy dei att litt oppover framme på ankelen. Får sjå om det blir suksess :)

Kathrine sa...

Du må prøve dei her. Dei er herlige på og ganske so fine sjølv om det er litt meir jobb med dei. (..men når du gidde å strikke sitteunderlag bør du gidde å strikke tøfler.) Eg skal ta med oppskrifta til deg når vi skal på tur igjen, so kan vi ha tøffelproduksjon. :o)