I dag har eg hatt fri og vert heime og rydda på kjøkkenet. Samtidig har eg baka brød, noko som er fryktelig lite tidkrevande når ein likevel er heime. Den største jobben er å vaske bakebollen etterpå...
I periodar bakar eg mykje brød, rett og slett fordi det er så enkelt, godt og billig! :) I andre periodar tenker eg at det er for mykje styr og lar vere. So kjem eg på at det var lurt igjen og fyller opp fryseren. Til jul fekk vi kjøkkenmaskin, og då kan eg også få elta deigen litt lenger enn eg orkar for hand. Det bør gje gode resultat!
Oppi desse brøda hadde eg blant anna grovt og fint rugmel, linfrø, solsikkekjerner og kruskakli. Eg fulgte ei oppskrift, men slumpa til der eg ikkje hadde akkurat det som stod i oppskrifta.
Deigen skal vere skikkelig klissete, då blir brøda saftige og gode. Og då skal dei heller ikkje smuldre so mykje har eg hørt. Eg er ikkje heilt sikker på om denne deigen var klissete nok.
Etter eit par tima heving(i bollen to gongar og deretter i formene) og ein time steiking var dei tre brøda ferdige:
Eg elskar nysteikte brød! Og ingenting er betre enn nysteikt brød med brunost og eit glas iskald melk!
Nam nam nam nam nam nam nam nam nam nam nam! :) Lykke!
mandag 25. januar 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
7 kommentarer:
nam nam nam!! håper eg får nysteikt brød med brunost når eg kjem på besøk!!
NAM!! Eg vil òg ha nysteikt brød! Det såg utrulig godt ut! :) Kanskje eg må igang med det ein kveld då, det er jo så mykje godt ein kan ha i! Tenke tenke tenke ;)
Ja, kom på besøk so skal dokke få nybaka brød med brunost begge to! :D
Åhhhh nam nam nam, hvordan f... klarte du å få de brød til å se "big" ut. Jeg elsker også å bake selv, som jeg vil si at jeg er absolutt enig med deg, BILLIG og GOD!
Rart hver ganger jeg bakte brødet, før deigen kom i ovnen, vokste det vill og da brødet var ferdig, ble det bare sånn 5 cm høy. Faen faen. Kanskje jeg er ikke dyktig likevel!!!
Vil oxo smake, men ikke bruneost, hehe.
Helle: Mine brød hevet heller ikke så mye etter at de havnet i ovnen.. Vi må nok øve mer! ;)
De brøa så fantastisk gode ut!
Går det an å få sendt over en ca-oppskrift?
Gunn: Det skal du få!:)
Legg inn en kommentar