mandag 18. januar 2010

Kathrine er venn med symaskina

Etter litt startvanskar og dårlig kommunikasjon har eg og symaskina mi utvikla eit greit vennskap. Ho lystrar stort sett som ho skal, og eg har skjønt dei ulike kommandoane. Det vil seie at eg slepp å kvar gong måtte finne fram manualen og gruble og fundere når undertråden henger seg opp. Rett og slett fordi den stort sett ikkje heng seg opp lenger. :) Og då vert det enda artigare å sy!

No har eg sydd meg mitt eige strikkepinneetui og kassert det gamle som var slappt og fælt. Mykje meir fornøgd med dette!! So denne gongen skal eg faktisk putte pinnane inn igjen når eg har brukt dei. Tenker eg.
Eg har lurt litt på om eg skal lage etui med størrelsane på pinnane markert på kvar lomme, men har ikkje heilt funnet ein fin og ikkje alt for omfattande måte å gjere det på. På det gamle etuiet mitt som var stygt likevel skreiv eg det bare på med sprittusj. Ikkje akkurat lekkert.
Her er etuiet samanrulla med band rundt. Og sida stoffet var stivt og fint laga eg ei brødkorg i samme stoff:

Denne korga blei den beste av dei eg har laga, fordi stoffet var tjukkare og stivare enn dei andre stoffa eg har brukt. Dei andre har blitt litt slappe.

Fleire korger:

Dette stoffet frå Ikea var også veldig fint å sy korger i.


.............og ei nålepute :)

3 kommentarer:

Anne Britt sa...

Skal sei....!! Eg er misunnelig på deg og din flotte kommunikasjon med symaskina ;) eg kan ikkje å sy eg, har ikkje ein gong symaskin! Her må noko gjerast.. Trur eg må vente til eg har fått meg hus, slik som deg. Då blir det hobbyrom og alt mulig kjekt overalt der inne! Må ha sybord OG scrapebord, pluss hyller og skap overalt med stoff, garn og div ting i. Gledar meg!! :D

Kathrine sa...

DET hørtes ut som et artig rom! Sånn vil eg og ha! Men det må bli på gården vår når vi flytta heim. ;)
Då kan eg lære deg å sy og du kan lære meg å bli flinkare å scrappe! Mi symaskin er fra Lidl(!!)forresten! Og den funka fiint til mitt bruk. ;)

hellechr sa...

WOW, så flott arbeiden!!! Har så lyst å prøve selv jeg og...
Gled meg å se flere tinge, du kommer til å mekke..

Ja jeg drømmer også å ha EGET hobbyrom uten min kjære brokker over roteri. hehe.

Psss... Du ble Tagget - ser ved bloggen min:)