lørdag 20. mars 2010

Uglebuff og bukse

Eg har fått stoffpakke frå Stoff og Stil, so i går sydde eg "buff" og fleecebukse til Theodor.
Eg har aldri sydd kle før, men med mønster var det jo ikkje so vanskelig! :) Buffen hadde eg ikkje mønster på, men å sy saman eit stykke stoff er jo ikkje noko sak. Oppskrift på buksa fant eg i et sy-magasin og tilpassa den til sånn eg ville ha den. Å følge hobbyoppskrifter slavisk er ikkje heilt min stil. ;o)

Buksa er sydd i fleece med et stretch-stoff i beina og livet. I og med at eg ikkje har gjort det før vart det eit par småfeil som eigentleg ikkje er synlige. "Strikken" på beina har stretch feil vei og at det er noko som heiter "stoffretning" når ein skal sy tok eg over hodet ikkje hensyn til. Eg gjekk for "best-utnyttelse-av-stoffet" istaden eg. Men eg tek det til etterretning for seinare produkt. ;) Det slo meg etterpå at eg antakeleg burde hatt ein tråd med stretch når eg skal sy ting med stretch. Det "knaka" nemleg litt i tråden på bukselivet då eg drog i det. Eg får gå til innkjøp av slik tråd neste gong eg handlar.
Som pynt applikerte eg på ei lita ugle frå buff-stoffet.

Sånn ser buffen ut. Kule ugler! :)

Ein fin liten tass med ny bukse og hals. :o)

4 kommentarer:

Anne Britt sa...

Wow! Kjempefin bukse og buff! Søte ugler ;) Det her tar jo heilt av. Snart kjøpe du INGEN kle lenger, laga jo berre alt sjølv. Og neste trinn etter det er at du lagar alt til meg òg ;) okej?

Kathrine sa...

Offcourse my dear! ;) Eg må berre lære meg å lage til meg sjølv og fyst. Sånn at eg er prøvekanin for det eg laga til deg. ;o)

Halldis sa...

Så flink du er Kathrine! Og så kjekt at du likar å sy! Fekk meg symaskin i fjor, har ikkje fått sydd så mykje, men blir veldig inspirert av deg då..! Korleis var den sy-boka du bestilte for eksempel, var den bra?

Kathrine sa...

Ja, Halldis, sying er kjekt! :o) Er bare å sette seg ned, so ser du kor lett det går. Syboka var veldig fin! Kom på besøk, so skal du få sjå. ;) Eller kjøp den billig på capris.no.