I sommar strikka eg denne mariusgenser i alpakka fra Sandnes garn. Til meg sjølv. :o) Den er heilt fantastisk deilig. God og varm, men ikkje for varm - akkurat som alpakka"ulla" skal vere.
Fargane er grå-brun, kvit og mørk lilla. Eg strikka den med pinne nr 3,5 og 4 og det gjekk eigenteg ganske so raskt. Hadde den med meg litt rundomkring på jobb og fekk strikka litt her og der. Medan eg var på ei lenger jobbreise på sørlandet trudde eg at eg skulle få den ferdig, men plutseleg klarte eg å gå heilt tom for den gråbrune tråden! Ingenting er værre enn å vere so nær målet og ikkje ha sjangs til å fullføre. På den lokale garnbutikken hadde dei sjølvsagt ikkje riktig fargeparti, so eg var nødt å vente til eg kom heim til Langevåg for å få gjort den ferdig to veker etterpå. Og sjølvsagt var det min eigen feil. Eg hadde jo strikka bolen lenger utan å ha tenkt på at det kunne få konsekvensar for garnforbruket..
lørdag 30. oktober 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
Hei o'store strikke guru!
For en superfin genser du har strikka deg:D Mamma'n min er ikke så flink til å strikke, men hun har blitt en reser på ullsokker. Akkurat nå tenker hun å strikke til en liten gutt på 700g, og lurer på om du har peiling på hvordan det blir finest i alpakka-ull. Maskeantall, hel eller ikke etc. Vil gjerne at lillingen skal bli like god og varm på føttene som meg, håper derfor at du kan hjelpe henne:D
Åh, so ufattelig lite! Er det med Tynn Alpakka hon strikka? I såfall ville eg kanskje lagt opp ca 28-32m på p 2,5 og strikka rundt med 1rett, 1vrang i brotet. Ellers e der noken knallsøte babysokka i boka "Myk Start" i str nyfødt. Dei går sikkert an å strikke enda litt mindre. Seie du det til mammaen din Emrik?:)
Den e so fiiin! :) har du funne oppskrifta på nett eller i hefte? Får eg tak i den på jobb i neste veke kanskje..? Hmm.. Lyst å prøve :)
Anne Britt: No har vi jo ein deal på den der. ;) Oppskrifta er frå Sandnesgarn. Eit hefte med masse snadder som heiter Til Fjells 15 Klassikere.
Datt innom deg da jeg søkte litt rundt på nettet, så mye fint du har lagtet ;)
Digger mariusgenseren, den står høyt på "to do" listen min nå ;)
Legger deg til i lista mi jeg ;)
So koselig Komadyret! Ser du lagar mykje fint du og. :)
Kan absolutt anbefale Mariusgenseren. Herlig å strikke rundt istedenfor å montere etterpå. Eg strikkar veldig laust, so den er ganske vid i livet. Skulle eg strikka den igjen ville eg brukt pinne 3,5 på det einsfarga og 4 på resten. Lykke til! :)
Legg inn en kommentar