tirsdag 20. april 2010

Slipstitch

I dag har eg lært meg ein ny teknikk for å sy saman stoff. På engelsk heiter stinga "slipstitch" og sida eg berre har ei engelsk sybok anar eg ikkje kva det heiter på norsk. Om nokon kan lære meg det hadde det vore fint. :) Eg veit ikkje kvifor eg ikkje har kunna det før, eller funnet det ut av meg sjølv, for det er på ingen måte avansert. Og resultatet blir BRA. Stinga er rett og slett usynlige.

Ingen kommentarer: