fredag 30. april 2010

Spencerfleecekjole

Eg har vore på rundtur i landet og sydd meg fleecekjole undervegs! Har lenge hatt lyst å lage meg ein fleecekjole, men har ikkje komt so langt før no. Eg var ein tur på Stoff og Stil i Bergen forrige veke, og då fant eg meg eit mønster på denne "Spencerkjolen". (Eg har fortsatt ikkje forstått kva ein spencer er, og tar gjerne imot opplysningar om det.)
Kjolen er sydd av eit fleeceteppe frå Ikea (greit å ikkje sløse vekk meir enn 29 kr om det skulle gå heilt i vasken fyrste gong). Eg hadde ein del problem med å skjønne mønsteret som eg hadde trudd skulle vere so enkelt. At det var vanskelighetsgrad 3 av 5 blåste eg fint i, "den såg jo so enkel ut". Eg ser no at eg er glad eg ikkje tok noko som var vanskelegare i alle fall. I og med at eg aldri hadde sydd noko slikt før ante eg ikkje kva annakvart ord betydde. Overlock, spencer, belegning, wienerlegg osv... Men då eg tok det punkt for punkt skjønte eg litt underveis og trur det vart sånn nokonlunde riktig.
Eg klipte alt og byrja på syinga ein søndag i Bergen, med god moralsk støtte frå Silje og Stine. Plutseleg nærma flyreisa mi til Tromsø seg, og eg var sikker på at eg kom til å bli ferdig på den neste halvtimen. Ha ha! Då eg etterkvart motvillig innsåg at det ikkje kom til å skje, tenkte eg at eg måtte skaffe meg ei symaskin i Tromsø. Heilt hekta! Snille snille Tutten (som eg skulle besøke) skaffa ei til meg sånn at eg fekk gjort kjolen min ferdig der oppe.

Eg hadde eigentleg tenkt å ha eit stoff i ein annen farge som belegning(dvs kantar oppe og rundt armane), men det vart bare rot, so eg valgte heller å bare sy "sikksakk" på kantane. Nederst sydde eg sikksakk med lilla tråd, og sikksakken gjorde sånn at fleecen bølga seg litt nede. Fin effekt.
Til pynt fekk eg eit par blomster Tutten hadde liggande. Fint fint!
Vips var kjolen ferdig og eg kunne stolt ha den på på jobb dagen etter. :)


Takk til:
Irene - for å ta initiativ til å fare på Stoff og Stil
Silje - for å kjøre til Stoff og Stil, for lån av stuegolv, sakser, spisebord og symaskin, for smøring av mat og for hjelp til å forstå mønsteret.
Stine - for moralsk støtte under klippinga.
Tutten - for blomstane, sytråd, hjelp med design og for at ho skaffa meg symaskin i Tromsø.
Maria - for lån av symaskin og hjelp til å tre den ;)

2 kommentarer:

Anne Britt sa...

KULT! :D enn å ha laga en heil kjole til seg sjølv!! Du er jammen flink :) og so mens du var på tur då, både her og der ;) då er en hekta! Kjekt når en e motivert då :) ka blir det neste prosjektet no skal truuu? Eg ventar i spaning :)

Lena sa...

Flink sydame! Frå ordboka mi:
spencer [spe´nser] en eng.

seleskjørt el. utringet ermeløs kjole beregnet på å ha genser el. bluse under

Ser på biletet at du tydelegvis har forstått at tanken er å ha genser under, trass språkvanskane;) Ikkje fødd i går denne jenta:)