onsdag 21. april 2010

Vaskepose

Her om dagen sydde eg meg ein skittentøyspose til å ha når eg er ute og reiser. Brukte oppskrift frå Pickles og eit nydeleg stoff frå Lappestua på Moa. Prøvde å stryke på nokre bokstavar eg har kjøpt på Panduro, men dei vart ikkje heilt vellykka. Er ikkje heilt sikker på kva som gjorde det, men A'en og S'en er mykje meir gjennomsiktig enn dei andre to. Det spelar for sovidt ikkje noko rolle når den berre er til meg. :) Tips til gode påstrykingsbokstavar mottas med takk!
Bandet eg brukte er frå Stoff og Stil og har skrifta "Mom's Creation". Det var det eg hadde. ;)

2 kommentarer:

Anne Britt sa...

Praktiske dei der :) eg gløymer alltid å ta med noko å ha skittentøy i når eg fer på tur. Med ein slik ein fast i kofferten slepp ein kanskje det problemet. Frilanstolkens venn ;)

Kathrine sa...

Ja, absolutt! Akkurat no henge den på ei skapdør på gjesterommet til Robert og Silje. Endelig skal eg alltid ha full orden på skittentøyet mitt. :)